Det har vore, er framleis, travle stunder der vi jobber knallhardt med påmeldinger. 358 skyttarar er i skrivande stund registrerte inn. Ikkje alt er lagt ut hjå arrangørane enda, men det kjem. Vår påmeldingsansvarleg har teke seg ferie frå jobben denne veka for å vie sin tid til arbeidet med koordinering av påmeldinga. Og det har gått med rundt 40 timar desse tre dagane, det vil sei ei heil arbeidsveke i løpet av tre dagar. Og då er ikkje tida arrangørane bruker på å legge ut påmeldingane på sine respekltive stevner rekna med. Det fortel litt om den jobben som legges ned.
Ikkje uventa er det 100 meter som volder dei største utfordringane, men vi har klart å løyse alt til nå. Mykje jobb har det vore, og fleire gonger har vi måttet flytte på det vi allerede hadde lagt inn for å gjere plass til andre. Så det kan vere greitt for alle å sjekke fleire gonger, for det som kom først kan vere endret. For oss handler det om å finne løysinger for alle, då må vi bruke dei midler vi har.
Det er også viktig at alle sjekker at alle dei har meldt på faktisk kjem med, det skal gå greitt, men den menneskelege faktorer gjere at feil kan oppstå.
Nå er det rimeleg trangt om plassen på 100 meter, i alle fall i det vi kan kalle «prime time», men det finnes masse ledige plasser om ein tenkjer litt alternativt. Men nå er det slik at man må ta det man får, spesielt hvis man skal kombinere med 100 meter, for det er ikkje enkelt nå. For dei som skyt 200 meter, så er det flust av muligheter.
Vi har linjene åpne ut kvelden i kveld, og deretter er neste sjanse når påmeldinga sleppes fritt på web 6.April. Då skal vi bruke tida fram til det på å gå gjennom alt for å sikre at alt er riktig, for når klokka slår 21:00 den 6.April så er løpet køyrt. Då er det ikkje i våre hender lenger,
Men det betyr ikkje at ikkje vi kan hjelpe dei som måtte stå fast. Det går an å kontakte oss for å be om råd og hjelp, så kanskje vi kan finne løysinger. Det går an å prøve sjølv om vi da ikkje kan love at det går.
Det begynner også å falle på plass ting på premieplakaten, men det skal vi komme tilbake til om ikkje så lenge.