Premieplakaten begynner for alvor å ta form, og det er meir verdier enn nokon gong. Her er fine preimar som trekkes tilfeldig til deltakarar som har delteke på alle stemnene.
Vår hovedsponsor er største bidragsyter også til premieplakaten. Ein ny sponsoravtale signert i år gir oss sterkere muskler til å skape denne skytterfesten, og bidreg også til å finansiere premier i dei nye klassane av året. Her snakker vi mange ekstra premiekroner utover den vanlege premieringa som alle stevnene har.
Og så er det som vanleg mange flotte gjeve premiar å vinne berre ved å delta. Dette er altså premiar som kan vinnast berre ved å delta, du treng ikkje skyte ein einaste 10er :
Dagfinrud Skytterklær er som alltid med oss, og gir oss det samme som han har gjort dei siste åra. Vi har to gåvekort frå Dagfinrud; eit på NOK 1000,- som skal trekkes ut, og eit på NOK 3000,- som går til eit lag med størst ungdomsdeltaking. Bjørn kjem til Lerum Cup med sin store stand og blir å finne i Aurland, men han tek seg gjerne ein runde andre stader og.
Thon Hotel er vorte ein veldig god samarbeidspartner for oss. I år har dei økt sitt tilskudd til premieplakaten vår ved å gje oss ikkje mindre enn 3 gåvekort, kvar på to samanhengande weekend-overnattinger i dobbeltrom på valgfritt Thon-Hotell i Norden. Her snakker vi samla verdier på over 10 000 kroner, og desse er gyldige til 31/12 2026. Desse trekker vi ut til tilfeldige deltakere som har delteke på alle stevnene. Ein deltaker frå 200 meter, ein deltaker frå 100 meter, og ein blant alle, som har delteke på alle stemnene.
Bekkevold Skytterservice er ny giver i år, og Bekkevold gir oss eit geværfuteral til ein verdi av 1590,- kroner så det er også ein fin premie å få. Det blir trekt ut til ein heldig vinner på 100 meter. Kurt Erik Bekkevold kjem til Lerum Cup, og blir å finne hjå Knipenborg.
Norma er sjølvsagt med oss også i år, og ein heldig deltaker som har delteke på alle stemnene vil få eit gåvekort til ein verdi av 1500;- kroner. Hans Kristian Wear og Terese Maristad har med seg ein rikholdig stand og blir å finne på Leikanger under Lerum Cup.
Våpenloftet, ein sportsbutikk i Førde sentrum som selger sportsartikler, men som også har ein eigen avdeling for jaktartikler og skytterartikler, og selger mellom anna skytterlagsammunisjon, skytterrekvisitta, og har også børsemakerverkstad, bidreg også i år til premiebordet. Gåvekort på til sammen 1500 kroner er gitt, og det blir truleg tre premier på 500,. kvar til nokon som har delteke på alle stemnene.
Landrø er med oss også i år, og gir eit gåvekort til ein verdi av 1500,- som skal ut til ein deltaker som har delteke på alle stemnene.
Dette betyr altså at 11 deltakarar vil vinne seg ein flott premie berre ved å vere med på Lerum Cup. Det er ikkje krav til hverken nivå eller resultat. Du har like stor sjanse om du er heilt sist på resultatlistene som om du skulle vere den beste. Og har du ikkje vore her før, så lover vi at du er ein opplevelse rikare når du reiser heim igjen.
Tusen takk til dei som gir oss gåver som vi kan trekke ut blant våre deltakarar. Dette set vi stor pris på.