Det er søndag 4.Mai, og veka vi har venta på sidan ifjor på denne tida er endeg her. Det er klart for Lerum Cup 2025. Vèrmeldingane er alldeles glimrande, og alt ligg til rette for at vi får ei fantastisk veke med Sogn på sitt aller vakraste.
Arrangørane sine eigne skyttarar startar i morgo kveld med skyting hjå Sogndal og Hafslo, og så går det slag i slag til det heile tek skikkeleg laust torsdag 8.Mai. Då er vi i gang for fullt. Det er rundt 640 skyttarar påmeldt, og det er enda ikkje for seint å melde seg på. Det blir ein skikkeleg skytterfast i Sogn.
Media error: Format(s) not supported or source(s) not found
Last ned fil: https://skyting.lerumcup.no/wp-content/uploads/2025/05/Lerum_2025-Film03.mp4?_=3Både Sognefjellet og Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal er no åpne, og med det er alle sluser åpna til Sogn. Men vi har som tidlegare nevnt to vegarbeidsprosjekt pågåande i området.
Det pågår eit fjellsikringsarbeid på FV 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, men dette arbeidet er meldt å skal vere ferdig til torsdag 8.Mai klokka 13:00, så det skal ikkje skape noko problem for våre tilreisande.
Det andre prosjektet er oppgradering av Fodnestunellen på RV5 mellom Lærdal og Fodnes. Men dette arbeidet pågår kun på nattetid. Tunnelen er stengt frå f20:00 til 06:00., Og det gjeld frå måndag til torsdag. Med gjennomkjøring fra Lærdal: 20:40, 21:40, 22:00 og 05:40, fra Fodnes: 21:00, 21:40 og 22:00. Etter klokka 22:00 vil ferja gå frå Lærdal etter alternativ rutetabell. Denne finn dykk på Norled sine heimesider norled.no. Det er med andre ord fri ferdsel frå fredag klokka 06:00 til over helga, så det skulle ikkje by på problemer her heller.
Alle traffikkmeldinger finn dykk på vegvesen.no.
Skulle det vere noko så ta kontakt med oss, så bidreg vi til å finne løysinger for dykk. Alt skal kunne gå veldig greitt.
Så då ynskjer vi alle velkomne til Lerum Cup 2025, og håper alle får ei triveleg og opplevelsesrik langhelg i Sogn.
Media error: Format(s) not supported or source(s) not found
Last ned fil: https://skyting.lerumcup.no/wp-content/uploads/2025/05/Lerum_2025-Film04.mp4?_=4Varsler