Då har vi fått den gledelege beskjeden at Maxut også tek turen til Lerum Cup. Håkon Boine, som tidlegare representerte Skytterlinken, tek med seg eit utvalg av sine produkt, og blir å finne på Farnes sin skytebane i Mjøen. Maxut er eit nystarta selskap som selger skytterutstyr, og utstyr til jakt og friluftsliv.
Maxut har nettbutikk maxut.no der man kan besøke og sjå kva de har å by på. Maxut bidreg også til premiebordet vårt med eit gåvekort som vi skal trekke ut til ein tilfeldig deltaker som har delteke på alle stevnene i årets Lerum Cup. Håkon kom litt sein inn slik at logoen hans ikkje vil vere å finne på vår plakat som allereie er ferdig trykket, men Håkon er alltid velkomen til Lerum Cup, og vi håper at skyttarane tek seg til å kike innom standen hans og gjerne gjere ein handel.