To ettermiddagar/kveldar er unnagjort og det begynner å bli ein del resultater. Men det er tidleg i løpet, og lite som utkrystalliserer seg.
Men i V65 ser det ut til at lista er lagt. Her har Kjell Næss frå Leikanger skutt 4X 350 poeng, ein gang 347 poeng, og har igjen å skyta på si eiga heimebane på Leikanger så han kan heve samanlagtsummen sin ytterlegare om han skyt betre enn 347 på siste stevnet. Kjell toppar med dette klasse V65, og har lagt eit list som blir tøff å slå. Så dei som skal konkurrere i V65 veit i allefall kva dei må gjere.
Kjell Næss frå Leikanger leiar klasse V65
Også i Kikkertklassen kan det sjå ut til at vi har eit toppresultat. Frode Ølmheim frå Leikanger har gjort unna alle stevnene og står med 1738 poeng samanlagt på dei fem beste resultata sine. Det er eit poengsnitt på over 347, så man skal sjå klart i kikkerten for å tukte Ølmheim her.
Ellers er beste enkeltresultat i klasse 3-5 framleis banerekorden til Hans Kristian Wear hjå Farnes, 349 (24). Wear er også i rute til å komme høgt på samanlaglista samanlagt med 2 ganger 346 i tillegg til resultatet på 349. Men det er mange skudd som skal løysast endå, og mange som enda enten berre så vidt er i gang, eller som ikkje har starta enda. Så når morgodagen er blitt kveld, så kan vi kanskje teikne eit betre bilde over stoda.
Vi gleder oss til morgodagen og ser fram til mykje spennande og god skyting.