Nok ein dag er til endes, og det er tid for å trekke pusten og reflektere litt over status før den siste og avgjerande dagen.
Hans Kristian Wear er skikkeleg på veg mot nok ein siger i Lerum Cup. Etter at han skaut 348 i Sogndal i går kveld, og seint i dag skaut 348 også på Hafslo er han no i leiinga i klasse 3-5. Han står med 1737 poeng på dei fem stevnene han har skutt, og har igjen leikanger. Hans dårlegaste stevne er 346, slik at med perfekt skyting på Leikanger, så kan han oppnå 1741 poeng. Det er det ikkje så mange som kan klare.
Men nokon er det….
Vegard Solhaug frå Aurland står ,ed 1727 poeng, men har igjen eit stevne. Det er i Aurland. Med perfekt skyting der, så kan han stryke 340 poeng, og maksimalt komme opp på 1737 og tanger Wear om han ikkje skyt bedre enn 346 i Leikanger. Då kan Vegard lure Wear på innertiarar.
Blant dei som har to stevner igjen å skyta, så er det også nokon som kan snyte Wear for konfekten:
Trine Ramsvik Stette kan stryke 344, og på dei tre ho då står igjen med som teljande før dei siste to stevene så har ho tapt 11 poeng. Det betyr at med perfekt skyting på dei to siste stevnene så kan Trine oppnå totalt 1739 poeng.
Tor Harald Lund kan også stryk 344, og har tapt 12 poeng på dei tre stevnene han då står igjen med, og kan oppnå totalt 1738 poeng.
Stian Bogar kan også stryke 344, og har tapt 12 poeng på dei tre stevnene han vil stå igjen med, så med maks utelling kan han oppnå 1738 poeng.
Gunnar Hallbjørhus kan stryke 339, og har ikkje tapt meir enn 10 poeng på dei stevnene han står igjen med, og kan difpr maksomalt oppnå 1740 poeng med perfekt skyting i morgo.
Evig unge Trond Bergan skyt jamt godt, han kan stryke 345, og vil kunne oppnå 1737 poeng med full uttelling på dei to siste stevnene sine.
Så er det Nils Thomas Valand som har eit resultat på 337 han kan stryke, og kan maksimalt oppnå 1740 poeng med full poengskår.
Blant dei som har igjen tre stevner så er det to skyttarar som kan komme opp i toppen. Dette er Arnfinn Bakkevoll og Liv Sollesnes som har ein mulighet. Men då skal alt klaffe for dei kan maksimalt oppnå høvesvis 1740 og 1741 poeng.
Der ligger lande så vidt eg kan sjå i klasse 3-5 før den aller siste dagen av Lerum Cup 2025.
I klasse V55 har Knut Bråthen eit godt grep om sigeren med sine 1743 poeng. Per Kristian Aas, Engebret Mjøsen, Magne Lysen, og nokre til kan nå opp men då skal det klaffe godt.
Knut Bråthen er på topp i V55
I kikkertklassen har Anders Lilleby teke topplassen med 1742 poeng, og eg kan ikkje sjå nokon som kan klare å ta opp kampen med Anders. Likevel; lat meg vere uoffisiell for augen kan spele meg eit puss.
Anders Lillebu har godt grep om Kikkertklassen
I V75 er to kamphaner som har plassert seg øverst. Odd Kolsrud og Alf Høysæter har begge full poengpott med 1750 poeng, og begge har til alt overmål også 138 innertiere. Så her går det mot ein delt siger.
Alf Høysæter på topp i V75 saman med Odd Kolsrud
I V65 er framleis Kjell Næss på topp, men han er ikkje trygg. Harald Espeline, Asbjørn Mathiesen, Arlid Båheim. og Stein Heggen er i allefall blant dei som kan konkurrere med Kjell om topplassen i denne klassen.
I rekruttklassen er det fortsatt Martin Leander Fossheim som leder, men det er nok ikkje trygg han heller. Spesiellt Brage Vorland som er nummer to har sjansen til å klare det med eit godt resultat på sitt siste stevne, men han må ha 348 poeng for å klare det. Ann-Celin Kvingedal Eide har tre stevner igjen og kan klare det, og det er sikkert nokre til. Så Martin må nok følgje spent med. Han kan jo også forbedre sitt eige resutlat med eit godt resultat på heimebane inne på Hafslo.
I eldre rekrutt er det Jonas Sørli Runhovde som leder med 1748 poeng. Det er i allefall ein skytter som til som vil vere med å kjempe. Alan Jim Rolfsrud har tapt berre eit poeng på dei tre stevnene han har skutt. Hjå Farnes prikka han like godt inn 35 innertiere på rappen. Det er tøft gjort.
Jonas Sørli Runhovde leiar Eldre Rekrutt
Alan Jin Rolfsrud med 350 poeng og 35 innertiere hjå Farnes
I Juniorklassen er det Fredrik Soot-Tessem som innehar topplassen med 1744 poeng. Og han har eit stevne igjen og kan stryke 347 med eit bedre resultet i Aurland. Men her er det fleire som har to og tre stevner igjen, så ingenting er avgjort.
I Eldre Junior leiar Nicolay Andre Døhl med 1713 poeng, men dette er kanskje den aller mest åpne klassen så her kan mykje skje på den sistre dagen.
Nicolay Andre Døhl leiar Eldre Junior
I skytterklasse 1 og skytterklasse 2 har vi dessverre litt problemer med resultate på nokre skyttarer. Det er ein del som står med 35 skot hjå Knipenborg, og gjorde det også hjå Aurland. Aurland har klart å rette opp i sine lister, men Knipenborg har framleis feil resultater. Det beklager vi, og det skal vi prøve å få retta opp. Desse feila gjer at listene i desse klassane ikkje er heilt til å gå etter, så vi må få rett poengsummer inn slik listenn blir riktige.
Då har vi vel vore gjennom det meste,
Varsler