Arbeidsgruppa for Lerum Cup har hatt sitt oppsummeringsmøte, og evaluert årets arrangement. Konklusjonen frå alle arrangørane er at det har vore eit særdeles vellukka arrangement, mange svært positive tilbakemeldingar har vi fått, og vi er difor veldig godt nøgde med årets gjennomføring. Ingen av arrangørane opplevede noko som helst tekniske problemer, og alt gjekk som det skulle heile vegen.
På dette møtet vart også trekninga av våre gåvepreimar utført, og det vart som følgjer:
Trekkt ut på 100 meter:
Gåvekort frå Norma, verdi kr 1500,- går til Ranghild Almlid frå Aasen Skytterlag. (Det står feil skytterlag på palakten, det skal vi rette opp)
Gåvekort frå Thon Hotel, verdi kr 3500,- går til Kjell Sveinung Røyrhus, Sunnylven Skytterlag
Gåvepremie frå Bekkevold Skytterservice, eit geværfuteral til ein verdi av kr 1590,-, går til Wilfred Kruger, Sykkylven Skytterlag
Gåvekort frå Macut, verdi kr 500,- går til Ronja Sylta Flatås, Osterøy Skytterlag
Trekkt ut på 200 meter:
Gåvekort frå Dagfinrud, verdi kr 1000,- går til Ola-Johan Dybvik, Langevåg Skytterlag
Gåvekort frå Thon Hotel, verdi kr 3500,- går til Thomas Bjørke, Etnedal Skytterlag
Gåvekort frå Landrø, verdi kr 1500,- går til Kjell Oddvar Frøysa, Sykkylven Skytterlag
Trekt ut blant alle:
Gåvekort frå Thon Hotel verdig kr 3500,- går til Gaute Eliassen Hamre, Leikanger Skytterlag
Gåvekort frå Maxut, verdi kr 500,- går til Bjørnar Wikane , Jondal Skytterlag
Gåvekort frå Våpenloftet verdi kr 500,- går til Markus H. Solberg, Gjesdal Skytterlag
Gåvekort frå Våpenloftet verdi kr 500;- går til Marius Åboen, Lom og Sjåk Skytterlag
Gåvekort frå Våpenloftet, verdi kr 500,- går til Oskar Ruud, Etnedal Skytterlag.
Og sist, men definitivt ikkje minst, Gåverkort frå Dagfinrud til ein verdi på kr 3000,- til vinnaren av deltakarkonkurransen i ungdomsklassane går også i år til Ringebu og Fåvang Skytterlag. Dei har altså 101 deltakingar på dei 6 stevnene. Det er eit snitt på 17 ungdomar pr. stevne. Det er imponerande !
Det er noko å strekke seg etter for oss andre skytterlag til neste Lerum Cup, som vil finne stad helga 8. til 10. Mai i 2026.
Og så får Hans Kristian Wear kroner 2000,- for å ha oppnådd det beste enkeltresultatet i klasse 3-5. Det var banerekorden hjå Farnes med 349 (24).
Alle pengepreimar blir lagt inn i eit premiestevne i Mitt DFS, og betalt ut gjennom DFS som eit vanleg stevne,
Gåvepremiane vil bli sendt ut til dei heldige vinnarane.
Ved å sjå kalendaren så ser ein at det er lite med egna helgar i Mai neste år, det er 1.Mai-helg, det er 17.Mai-helg, og det er Pinsehelg etter det, som alle er lite egna for vårt arrangement, så det måtte bli samme helga som i år, og difor 8. til 10. Mai. Så då håper vi at vi sjåast igjen då.
Inntil det ynsker vi alle ein riktig god sommar, så startar vi planlegginga av neste års arrangement til hausten ein gong.