Hans Kristian Wear tok til slutt eit nytt napp i jackpotten vår, og nå er det tre skyttarar som har to napp. Vegard Solhaug kom nærast, men ikkje nære nok. Det skiller til slutt tre poeng mellom Wear på førsteplass og Solhaug på andre plass.
Hans Kristian Wear sikter seg inn på Super Jackpotten. Nå har også han to aksjer det samme som Daniel Sørli og Kim Andre Aanestad Lund
Så vi reknar med at neste år er både Daniel og Kim Andre på plass for å gje Hans Kristian kamp om premien som då vil vere oppe på 18 000 norske kroner. Og så håper vi sjølvsagt at det er mange fleire som vil freiste å sikre seg aksjer i denne store gevinsten.
I V55 vart det ein suveren siger til Knut Bråthen. Han sigra heile 7 poeng føre nummer to som vart Svein Erik Halvorsen.
Kikkertklassen vart som vi trudde alt i går vunnen av Anders Lilleby.
Andreas Balevik vinner av klasse 1 samanlagt
Klasse 1 vart vunnen av Andreas Balevik med 1715 poeng. Klasse 2 vart vunnen Per Ivar Thorset med 1704.
I rekruttklassen beholdt Martin Leander Fossheim topplassen med hårfin margin. Bertine Halsnes kom opp på samme poengsum, men har ferre innertiere enn Fossheim, og dermed innkasserer Hafslo Skytterlag sigeren i klasse rekrutt.
I Eldre Rekrutt aå vart det veldig tett i toppen. Alan Jin Rolfsrud vart til slutt den beste, eitr poeng føre Gulla Langedal Sortland som i sint tur hadde fleire innertiere enn Jonas Sørli Runhovde på tredjeplassen. Og berre poenge bak der igjen på fjerdeplass finn vi Sanna Skarpodde Prestkvern.
Nesten like jamt i juniorklassen der Fredrik Soot-Tessem blir vinner emd 1746 poeng. Berre eit poeng bak er Christian F. Haneborg, og kun eit poeng bak der igjen er Torunn Rønning på tredjeplassen.
Eldre Junior er vinnaren Vegard Fjærli med 1732 poeng.
I V65 vart som vi var inne på i går veldig stor spenning heilt til siste slutt. Men Kjell Næss vart ståande som klassevinanr samanlagt med sine 1748 poeng. . Asbjørn Mathisen gjorde eit iherdig forsøk, og fekk samme poengsum som Næss, men hadde 7 innertiarar for lite.
Bak desse to var det fire skyttarar som enda på 1746. Det seier alt om dramatikken i denne klassen.
I V73 vart som vi sa i går delt siger mellom Odd Kolsrud og Alf Høysæter; Begge med 1750 poeng og 138 innertiarar.
I Skytterklasse 1 vant Anne Lise Tepstad Kvingedal med 1235 poeng., Kristoffer Frøysa vart nummer to berre poenget bak. I Skytterklasse 2 er det berre ein skyttar som har skote 5 teljande resultat, og det er Guro Instefjord Brekken som oppnådde 1193 poeng. Vi har dessverre ikkje heilt rette resultat i desse to klassane, då det manglar innertiarar frå Aurland og Knipenborg, men det vil ikkje utgjere noko for klassevinanrane. Det er ein feil i det nye resultatprogrammet som vi må finne ut av, slik at det blir riktig til slutt.
Anne Lise Tepstad Kvingedal vinner av Skytterklasse 1
Alle resultat på nettsidene her er å rekne som uoffisielle inntil noko anne blir sagt eller skrevet. Offisielle lister finnes på arrangørane sin eigne heimesider. Nå skal reusltata få modnes litt, før vi skal gå gjennom alt og luke vekk dei feil som måtte vere der. Så skal samarbeidsgruppa tre sammen for oppsummering og evaluering, samt trekke ut vinnarane av alle premiane våre. Så det gjenstår ein del jobb for oss enda sjølv om smella har stilna, og kruttrøyken har lagt seg.
Vi takker alle for ei fantastisk helg, ynskjer alle vel heim, og hjarteleg velkomne tilbake neste år.