
Då skriv vi 2026, og det er på tide å planlegge for vårens vakraste eventyr; Lerum Cup 2026. Som tidlegare kjent går arrangementet i år helga 8. til 10 Mai, og det blir også høve til å skyta torsdag 7.Mai. Arrangørane kjem i år, som i fjor til å skyta kveldane i forkant.
Premiering:

Lerum er framleis vår hovudsponsor, og den klassevise premieplakaten blir vidareført. Det har vore litt diskusjonar rundt det nye forbudet mot profilering av søtsaker som saft og brus mot barn, men etter eit møte med Lerum så er det avklart at siden vi bruker Lerum sine produkter kun til salg i kiosk, og at vi ikkje bruker Lerum sine produkt til premiering, så går vi klar av det nye forbudet og gjere ikkje noko ulovleg. Og det er både vi og Lerum veldig glade for.
Når det gjeld øvrig premieplakat, så ynskjer vi også å holde fram med den som tidlegare, og det blir jobba for å få bekrefta både givere og stands til årets arrangement. Dette kjem vi tilbake til fortløpande etter kvart som det blir klart.

Jackpotten vår er i år på heile 18000 kroner, og nå er kampen om den hardna til. Tre skyttarar har no to aksjar, og treng berre ein til for å stikke av med ein pen sum pengar. Det er Kim Andre Aanestad Lund, Daniel Nisja Sørli, og det er nå sist Hans Krisitian Wrear, som nå er nære den store potten. Og i allefall Daniel har meldt at han kjem til å stille på standplassane våre i år. Så det blir eit spennande kappløp, og hvis man tenkjer å melde seg på i dette kappløpet, så er tiden for det nå.
Påmelding:
Som tidlegare år vil vi også i år gjennomføre førehåndspåmelding av grupper. Det vil skje i tida 24. til 26. Mars. Også dette etter samme mal som tidlegare. Vi prøver så langt det er mulig å etterleve dei ynskjer som kjem, men vil opplyse allerede nå at til lags åt alle klarer vi ikkje. Og det er 100 meter som utgjer den store utfordringa. På 200 meter er kapasiteten vesentleg større, så der skal det gå rimeleg greitt. På 100 meter har vi den kapasiteten vi har, og prøver å trykke inn det som går. Så har man mulighet til å velge litt utradisjonelle ruter, litt perifere skytetider, og kanskje splitte gruppene litt, så vil det lette vårt arbeid, og auke sjansen for at man får til det man planlegger. For i kjernetida fredag-laurdag-søndag blir det fort fullt. Det veit vi av erfaring. ‘
All informasjon om påmelding finner du her.
Men vi ynskjer at så mange som mulig skal komme hit til oss, og få oppleve det vi, og Sogn forøvrig, har å by på-. Det er ei stor glede for oss arrangører kvart einaste år. Er det noko man lurer på, så ta gjerne kontakt med oss, så svarer vi ut det vi kan.
Så dei viktige datoane i år:
Førehåndspåmelding 24. til 26. Mars.
Påmelding åpnes på web 8.April
Lerum Cup 2026 8. til 10. Mai, med muligheter også torsdag 7.Mai.
Velkomen til Lerum Cup 2026