

Vi køyrer i utgangspunktet samme opplegg som i fjor. Det vil sei at arrangørane startar skyting i veka før stevnehelga. På mandag 4.Mai Blir det skyting hjå Hafslo og Leikanger, tysdag 5.Mai blir det skyting hjå Sogbdal og Aurland, og onsdag 6.Mai blir det skyting hjå Knipenborg og Farnes.
Frå torsdag 7.Mai blir det skyting hjå alle arrangørar, og vi starter i utgangspunktet klokka 17:00. Fredag 8.Mai er startid i utgangspunktet satt til klokka 15:00. Laurdag og Søndag starter vi frå morgonen av.
Men så vil vi som alltid sjå an dei behov og ynskjer som blir meldt inn, og er beredt til å strekke oss litt for å imøtekomme det som måtte komme, slik at tidene vi oppgir er utgangspinkt og cirkatider.
På dei kveldane som er satt opp for arrangørar, så blir det ikkje gjort noko form for tilpassninger, men det er åpning for andre til å skyta på plassar som er ledige.
Erfaringsmessig så veit vi at det blir utfordrande å gjere alle til lags med skyteitder, spesiellt når det gjeld 100 meter, og kombinasjonen 200 meter – 100 meter, men vi gjere vårt ytterste. Det vil vere ei hjelp om tilreisande kan vere litt fleksible, velge litt perifere skytetider om mulig. Vi veit av erfaring at veldig mange vil ynskje skyta Aurland enten fredag eller søndag, og at dei difor har god kapasitet laurdagen. Og hvis ein også kan ta ei ekstra fjordkryssing, så vil det åpne seg fleire alternative ruter.
Eventuelle spørsmål om påmelding kan sendes til paamelding@lerumcup.no, så skal vi gjere vårt ytterste for at alle blir fornøgde.