
Det har vore ei hektisk veke hjå oss, for dette har vore veka der vi har teke imot førehåndspåmelding via epost. Det går diskusjonar rundt om om dette arbeidet er nødvendig, og om det er rett. Nokon reagerer på det også.
Nå har vi holdt på med dette siden 2010, det blir 16 år, og har gort oss masse erfaringer. I den spede begynnelse så satt kvar arrangør i sine stover og tok i mot påmeldinger til sitt stevne. Den gongen var ikkje pågangen så stor, og det gjekk høvesvis greitt. Men i løpet av nokre år øka pågangen, det vart meir kollisjonar mellom ønska skytetider, og det vart meir krevande å tilpasse skytetidene til alle.
Då bestemte me oss for å endre på opplegget med førehåndspåmelding, fordi vi såg at dette var ei nødvendig hjelp for dei som reiser langt for å komme hit, og ikkje minst for dei som reiser med store grupper med både voksne og ungdomar. Vi ynskjer å vere eit breiddearrangement, og at det skal vere mulig å ta med seg ungdomsgruppa på tur. Då må det leggast til rette for det.
Så då valgte me å opprette ein eigen epost for førehåndspåmelding til vårt arrangement der alle eposter med påmeldinger kjem til den samme adressa, i staden for ut til laga. Då sit det ein person åleine og tek imot alle desse epostane, går gjennom alle påmeldingslister, og fordeler skytetider på alle stevnene. Og når veldig mange ynskjer akkurat dei samme skytetidene, og akkurat dei samme rutene, så må desse påmeldingslistene bearbeidast og endrast slik at det skal bli greie ruter og skytetider for alle. Så det er mange som opplever at dei får heilt andre skytetider enn det dei har øsnka i utgangspunktet, men fellesnevnaren skal vere at alle skal ha gode opplevingar når dei kjem til Sogn.
Dette er eit veldig krevande arbeid, og denne personen tek seg i tillegg fri frå arbeid for å gjera denne jobben, fordi det tar veldig mange timer. Det er faktisk meir enn ei heil arbeidsveke i løpet av 4 dagar. Men når den jobben er gjort, så er det ferdig bearbeida lister som blir sendt ut til arrangørane, som berre kan bruke copy-paste og legge skyttarideane inn på sine respektive stevner på dei tildelte skytetidene. Då er det ein relativt rask og enkel jobb.

I år har vi altså kome opp i 454 påmeldte skyttarar, det er mange, og fleire enn vi hadde forventa. Og når arrangmentet må gå på ei vanleg helg, så blir det komprimert og trangt om plassen. Og spesielt på 100 meter. Dette visste vi på førehånd, og difor gjekk vi ut og var tydelege på det, og ønskte at folk skulle prøve å tenkje litt alternativt. Og skulle vi ikkje hatt denne førehåndspåmeldinga, så kan vi alle tenkje oss korleis det ville vorte om alle desse skulle sitte klare klokka 21:00 den kvelden påmeldinga åpna for å melde på sine grupper på både 10-15-20, og til og med 25 skyttarar, og få det til å klaffe på 6 stevner. Det hadde vorte eit salig kaos, som aldri hadde gått bra. Så vår klare oppfatning, og erfaring, er at dette arbeidet er nødvendig.
Så nå har alle desse 454 skyttararne fått skytetider og ruter som er fullt gjennomførbare, og faktisk ganske så greie, sjølv om ein del må gjere det litt anleis enn dei utgangspunktet hadde tenkt. Nå har vi nokre dagar med påskeferie, der dette skal få modne og vi bruker litt tid på å gjennomgå alt for å luke vekk eventuelle feil som har oppstått, sjølv om det meste ser ut til å ha gått heilt smertefritt. Alt tyder på at det håndverket som er lagt ned er solid og godt.
Til dei som no sit og ventar på at påmeldinga skal åpne på web, så er det vanskeleg å finne løysingar på 100 meter, men det er ikkje umulig. Men ein må ungå midt på dagen laurdag for der er det fullt. Men det er mykje mulig både torsdag og fredag, og om ein kan skyta tidleg på morgoen og seint på dagen laurdag og søndag. På 200 meter er det alle muligheter, for der er kapasiteten vesentleg større på banene, og det er massevis med leidge plassar. Vi kjem som alltiid til å følgje utviklinga, og vi kan legge til lag tidlegare på dagane om det er behov for det, men midt på dagen får vi naturlegvis ikkje gjort noko.
Neste år er vi tilbake på langhelg med arrangementet vårt, så då blir det forhåpentlegvis lettare for fleire.
Nå ynskjer vi alle ei god Påske
