Påmeldinga til Lerum Cup må seiast å vera enorm. Nå er vi rett under 700 påmeldte. Det er fantastisk. Dessverre er det slik at kapasiteten på 100 meter sprenges, og det er ikkje så mykje vi får gjort med det. Om vi legger til eit lag her eller der, så trur vi ikkje det vil hjelpe fordi man får ikkje til å kombinere dei ledige plassane som då vil komme, med ledige plassar på andre stevner. Men det er framleis lov å ta kontakt med oss, og legge fram dei utfordringane dere måtte ha slik at vi får vite om det. For er det slik at det kniper på eit stevne, eller to, så kan vi kanskje hjelpe.
Neste år er vi tilbake på lang helg, for då er himmelspretten tidleg i Mai, og då siktar vi oss inn på den helga. Då vil det vere fleire muligheter.
På 200 meter derimot, der har vi mykje ledige plassar så der går det an å nesten velge fritt korleis man vil gjennomføre helga.
Så har vi jo denne jackpotten vår som vi alltid er spente på om nokon kjem til å reise med. Det er som kjent tre skyttarar som no har to aksjar i den. I allefall ein av desse tre er påmeldte også i år, så muligheten finnes for at 18 000 norske kroner skifter eigar i Mai. Så vil man vere med å kjempe om desse pengane, eller få potten til å vokse endå meir, så må man melde seg på, og ta steget no. Spennande blir det uansett.