
Når det vårast så er det alltid spennande for oss korleis det ligg an på fjellovergangane våre, spesiellt der det har vore vinterstenging.

Sognefjellet: Her har det vore brøyta opp siden før Påske, men nokre periodar med dårleg vèr og mykje vind, har gjort at vegen har vore stengt igjen. Vegen er nå open, men har nattestenging frå 20:00 til 08:00. Det er planlagt å holde fram til 1.Mai 08:00. Så den vegen skal kunne vere trygt farbar til Lerum Cup.

Tindevegen: Dette er vegen mellom Årdal og Turtagrø. Her har dei fleire utfordringar. Det har vore utbedring av vegen på Årdalsida, der gjenstår det nå asfaltering. Men det største problemet er på sjølve bomstasjonen. Heile bomstasjonen brann ned i januar, og alt av teknisk utstyr gjekk med. Dei jobbar no med å få opp ein konteiner med nytt utstyr, slik at dei kan får i stand ei løysing for opning av vegen. Om alt går slik dei planlegg, så opner vegen 6.Mai. Så vi krysser fingrane for at det også går i orden.
Dei andre vegane inn og ut av Sogn skal vere greie. Det er framleis arbeid i Fodnestunellen, men det skal ikkje påvirke Lerum Cup i nokon grad.
Vi regnar med at mange vil som vanleg komme hit med campingvogner og bubilar. Når det gjeld campingvogner ber vi om å ikkje ta med dei til parkeringa ved skytebanene. Det vil skape unødvendig kaos. Når det gjelder bubilar, så er det ikkje anbefalt å køyre opp til Mjøen Skytebane hjå Farnes med store bilar. Det kan og vere utfordringer ved Sogndal sin skytebane på Kaupanger. Då anbefaler vi å ta kontakt med arrangøren i god tid før skyting, så er parkering mulig lenger unna, og så ordnes transport til og frå skyting.

Vegen til alle skytebaner vil vere merka med våre vegvisere med Lerum Cup logoen på, slik det skal vere rimeleg lett å finne fram alle plassar, sjølv for dei som kjem hit for første gang.
Skulle det oppstå problemer av noko slag, og dere ser at tida blir knapp, så ta kontakt med arrangørane slik at vi veit om det, så kan vi bidra med løysingar når vi veit at dere er på veg. God kommunikasjon løyser veldig mykje.
Ellers oppforder vi berre om å beregne seg god tid, og køyre forsiktig. Vil vil gjerne ha alle trygt fram, og heim igjen når den tid kjem.
Vi ynskjer alle velkomen til Lerum Cup 2026.