
Årets store høgdepunkt for mange er rett rundt hjørnet. På mandag skytes Lerum Cup 2026 i gang, når arrangørane starter sin skyting hjå Hafslo og Sogndal. Siden vil det gå slag i salg, eller skudd i skudd, heile veka fram til neste søndag ettermiddag.
Det har vore jobba mykje, og det blir framleis jobba, med å klargjere arenaene og alt rundt som må fungere når 700 skyttarar med følgje inntek vakre Sogn for å sette kvarandre i stevne. Det blir som vanleg mange timar på skytebana for mange av oss, men vi gledar oss like mykje kvart år.
Som vi tidlegare har nevnt, så presenterer vi i år nye resultatsider med meir informasjon og statistikkar. Dei er framleis under arbeid, men tek meir og meir form. Det ryktast til og med at det vil komme ein resultat-app for androidtelefonar. Då blir det superenkelt å holde seg oppdatert på alle resultater. App for Iphone vil dessverre koste for mykje. Det blir like spennande for oss arrangørar, som for dere, å sjå kva vår datamann finn på. Ein smugtitt på resutlatsidene kan du finne HER. Akkurat nå er det resultata fro 2025 som ligg inne, men når årets stevner er i gang så vil det skifte til 2026. Og så vil det sjølvsagt komme på våre nettsider, der det alltid har vore.
Premieplakaten vår er nå bekrefta og komplett. Som alltid vil det vere pengepremiar til dei beste i kvar klasse samanlagt, forutsatt at det er nok deltakarar i klassen. Desse pengane er det vår hovudsponsor som bidreg med. Og her er det 5 av 6 stevner som tel, slik at det dårlegaste resultatet blir strøket.
I tillegg har vi også i år fått mange gåvekort som vi skal trekke ut til tilfeldige deltakarar som har delteke på alle stevnene.
Dagfinrud er sjølvsagt med oss også i år. I år har vi tre gåvekort til ein samla verdi av NOK 5000,-. Eit gåvekort på NIOK 3000,- skal gå til det laget som har størst deltaking i ungdomsklassane. To govekort på NOK 1000,- skal trekkast ut til tilefeldige vinnarar, ein på 100 meter, og ein på 200 meter, som har delteke på alle stevnene.
Og Bjørn Dagfinrud blir å finne på Låvi skytebane i Aurland med full stand.
Frå Thon Hotels har vi tre gåvekort som kvar gir to samanhengane overnattingar på valgfritt Thom Hotel i norden for to personer i dobbeltrom. Desse gåvekorta har ein verdi på ca NOK 3500,. Desse gåvekorta trekkes ut til tilfeldige deltakarar som har delteke på alle stevenene. Eit på 200 meter, eit på 100 meter, og eit blant alle.
Norma vil vere på plass på Leikanger med stor stand. Dei bidreg til premieplakate med eit gåvekort på NOK 1500,-. Dette gåvekortet blir trekt ut til ein tilfeldig dektaker på 100 meter, som har delteke på alle stevnene.
Landrø er også med oss i år, og bidreg med eit gåvekort til verdi NOK 1500,-. Dette gåvekortet blir trekt ut til ein tildeldig deltakar på 200 meter som ahr delteke på alle stevnene.
Maxut kjem til Lerum Cup og vil ha sin stand på Mjøen Skytebane hjå Farnes, og bidreg med to gåvekort; kvar til ein verdi av NOK 500;-. Desse blir trekt ut til tilfeldige vinnarar blant alle som har delteke på alle stevnene.
Våpenloftet i Førde bidreg med tre gåvekort, kvart til ein verdi av NOK 500,-, som vil bli trekte ut til tilfeldige deltakarar som har delteke på alle stevnene.
Bekkevold Skytterservica har gitt oss to fine våpenfuteral, kvar til ein verdi av ca NOK 600,-, som vi også skal trekke ut til tilfeldige deltakarar som har delteke på alle stevnene.
Så alle desse fine preimane kan du vinne berre ved å delta på alle stevnene i Lerum Cup. I tillegg har vi som vanleg NOK 2000,- til den skyttaren son klarer det beste enkeltresultatet i klasse 3-5, og så er det denne jackpotten vår som vinnaren av Lerum Cup klasse 3-5 kan få ein aksje i, eller stikke av med hvis den er vunnet tre gonger. Av påmeldingane kan vi sjå at det er kun Hans Kristian Wear av dei som allerede har to aksjar som er på,meldt, men det er ikkje for seint å melde seg på enda. Og det er mange andre veldig gode skyttarar påmeldt, så spennande blir det garantert likevel.
All informasjon om premiering finn du HER