

Det har nå vore skyting på alle våre arenaer. Vår nye resultatservice er oppe og går for fullt, og der er det mykje «snacks» å studere. Mykje nye statistikker og ting og tang. Så den ser ut til å bli veldig veldig bra.
Vèret har vore litt hutrig desse dagane, men her i indre Sogn er det ikkje snø slik fleire stader på vestlandet har opplevd dei siste dagane. Her er det tørt og fint, men litt kjølig. Vèrmeldingane inn mot helga ser bedre ut, og lover høgare temperaturar, så det ser ut til å bli ei fin helg sjølv om det ikkje blir heilt sommar.
Skytinga held fram i morgo kveld, før det tek skikkeleg laust på fredag. Vi håpar på mykje god skyting, og ser fram til liv og leven på skytebanene våre.