

Då er fredagen blitt kveld, og folk er begynt å komme til ro. Det er tid for ein kikk på resultata som er kome så langt. Det er endå tidleg i årets Lerum Cup, men nokre linjer kan vi trekke opp.
I klasse 3-5 har vinnaren dei to siste åra, Hans Kristian Wear, gjort unna fire av dei seks stevnene. Vi kan vel sei at han ikkje har slått ut i heilt full blomst enda, men med 2X345, 346, og 347, så er han likevel på veg mot ein ny topplassering. Blant dei med ferre gjennomførte stevner, så har vi Arnfinn Bakkevoll med 2×345 og 343, Lennarth Olsen med 345,346, og 342 så langt. Begge desse har sjansen til å nå høgt. Høgt kan også Amalie Evensen med 346 og 347 poeng, Lars David Øvrum jr med 2×346 poeng, komme. Vi nevner også Runar Tveito som har 344 og 346, Mette Strandlien som har 347 og 342, samt Stian Bogar som har 346 og 344 poeng. Alle desse er for fullt med i toppkampen.
Men det er endå mange skudd som skal avfyrast, og mange har ikkje starta skytinga si endå.
Klasse V55 ser relativt åpen ut. Det er egentleg ingen som utmerker seg så veldig, til og med Knut Bråthen har avgitt relativt mykje poeng på sine to første stevner med, vi får sei, berre 345 og 348 på sine to første stevner. Så her blir det spennande å sjå utviklinga.
I kikkertklassen så leder Anders Lilleby med 5X347 poeng. Så vi kan trygt sei at han er jamn. Men vi veit det er fleire gode kikkerskyttere på gang, så det er ikkje sikkert det holder for Anders.
På 100 meter har vi merka oss at Odd Koslrud har skutt 3×350 med mykje innertiere på sine tre stevner i dag, så han blir ikkje overraskende mannen å slå i klasse V75.
I klasse V65 har Kjell Næss skutt fem ganger 350, og har igjen å skyte på heimebane. Så han har alt sikra seg full poengskår, så man kan ikkje treffe utafor 10eren i den klassen heller om man skal komme heilt opp på toppen.
I Eldre Junior leder Stian Langeteig forløpig, men Kristian Leret Haugan kjem nok til å overta leiinga her når han får fyllt opp poengkontoen sin,. Han har så langt 349, og 2×347 i tillegg til 342 som han kan få strøket- Så Kristian legger nok lista i denne klassen.
Juniorklassen ser veldig åpen ut så tidleg, så vi seier ikkje så mykje meir enn det. i Eldre Rekrutt er det også få som har skutt meir enn to stevner, men Ronja Sylta Flatås har skutt 2×350, og Thelma Rudrud står med 350 og 349 etter to stevner.
I rekruttklassen legg vi merke til Markus Aamodt-Amundsen som har skutt tre stevner. Han har skutt 350, 349, men så har det skjedd noko på Hafslo, om det er vind eller andre ting vites ikkje, men berre 312 poeng står han med der. Men den kan han klare å stryke, så det trenger ikkje å bety noko.
Vi får sei at det var det for i dag. I morgo venter ein lang dag på våre skytebaner, og forhåpentlegvis får vi mange gode resultat. Vi ynskjer alle ei god natt søvn, og så sjåast vi på ei skytebane i morgo.