

Arbeidsgruppa hadde sitt årlege evallueringsmøte tysdag denne veka, der årets arrangmentet vart gjennomgått. Det vart ikkje meldt om dei store problema frå nokon av arrangørane, og alle var fornøgde med arrangementet. Teknisk fungerte både skivemateriell og elektronikk som det skulle, og dei få protestane som kom på anvisning vart avviste ettersom anvist treffpunkt kunne dokumenterast i skivene.
Vi ser likevel klare potensial for forbedringer, både før og under arrangementet, og vi ser på fleire tiltak som kan vera aktuelle å sjå vidare på inn mot neste års arrangement.
Eit bilde som vi ser merkar seg ut spesiellt er at antall deltakarar på 200 meter har gått ned, medan antall deltakarar på 100 meter har gått opp. Så der overvekta av deltakarar tidlegare låg på 200 meter, så ligg det no på 100 meter. Det er ein utfordring som vi må sjå meir på. Neste år vil Lerum Cup bli arrangert i ei langhelg som starter med Kristi Himmelfartsdag, datoane er 6. til 9. Mai, så det vil gi oss større rom og fleire muligheter. Vi kjem difor til å starte førebuingane langt tidlegare enn før, og kick off er allereie satt til tidleg haust i år, med oppfølging seinare på hausten.
Det vil forhåpentlegvis gjere oss enda bedre førebudd, og informasjon kan også delast med skyttarane tidlegare enn før. Så det gjeld berre å følgje med utover hausten.
Alle resultat frå årets arrangement skal no vere verifiserte, og det blir gjort klart for utbetaling av pengepremiane. Premiepengane for fellespremieringa blir lagt inn i eit eige stevne i Mitt DFS og betalt ut til skyttarane gjennom DFS sitt system som for eit vanleg stevne. Det som er verdt og merke seg er at vi har vedteke to justeringer på premieplakaten. Det gjeld klassane Kikkert og Jeger som no får samme fellespremiering som dei andre klassane. Det gjeld frå og med i år.
Samla sett skal nå premiar til ein verdi av ei stad mellom 250- og 275 000 kroner skifte eigar. Dette inkluderer alle gåvekorta og pengepremiane frå kvart enkelt stevne, samt fellespremieringa.
Gåvekorta er trekte ut til heldige vinnarar, og vinnarane blir publiserte i løpet av nokre dagar. Vi vil la det dryppe litt og litt, slik at vi kan holde på spenninga litt, og også gje sponsorer, vinnarar og gjevarar litt ekstra oppmerksomhet.