
Caroline Finnestad Lund vant som kjent Lerum Cup 2026, og sikra seg med det ein aksje i jackpotten som med dette får leva minst eit år til. I 2027 vil den vere på 20 000 norske kroner. Det begynner å bli ein bra sum, og ein gjev premie å få med seg, så vi reknar med at det kjem til å bli kamp om å bli den første til å vinne den tre gonger. Det er tre skyttarar som har vunnet to aksjar i den; Kim Andre Aanestad Lund, Daniel Sørli Nisja, og Hans Kristian Wear. Og så står altså Jeanette Hegg Duestad, Tor Harald Lund, og nå altså Caroline Finnestad Lund med kvar sin aksje.
Tor Harald Lund vart forøvrig nummer to i årets Lerum Cup, og Amalie Evensen frå Os vart nummer 3. Det vil sei, det er faktisk ein delt 3. plass fordi Hans Kristian Wear har akkurat samme poengsum, og samme antall innertiarar.
Men det er fleire som har gjort gode prestasjonar, og vunnet sine klassar i Lerum Cup 2026.
I klasse V55 vart Ove Grimsbø frå Førde vinnaren. Han enda på samme poengsum som Knut Bråthen frå Kongsberg, men rangerer føre på fleire innertiarar. Geir Lindheim får Karmøy vart nummer 3.
I Kikkertklasse leia Anders Lilleby frå Farnes lenge, men det holdt ikkje heilt inn. Per Hidle frå Bremnes hadde eit svakt stevene tidleg i Aurland der han fekk berre 336 poeng, og låg difor lenger ned på lista, men han kom sterkt utover i helga, med blant anna 350 poeng hjå Sogndal, 348 hjå Farnes, og 347 på Hafslo. Og med 346 hjå Knipenborg og også 346 hjå Leikanger, så kom han seg til slutt to poeng føre Lilleby, og vant samanlagt i Kikkertklassen. Atle Bakken frå Vågå vart nummer 3.
I klasse 2 vant Geir B. Risnes frå Lyngdal samanlagt, føre Charlotte Skallerud Brekke frå Kristiansand og Omegn, og Kirsti Frøysadal Hauge frå Sunnylven.
I klasse 1 vant Andor Bjørke frå Sykkylven føre Morten Lyngsmo Myrvang frå Nannestad og Mona Lihaug Morstøl frå Vinstra.
Tar vi med at samanlagtvinnar i klasse 4 vart Lars Myrstuen frå Rælingen, og samanlagtvinnar i klasse 3 vart Malin Wilhelmsen frå Sjoa, så ahr vi fått med oss det meste frå 200 meter.
Så over til 100 meter…..
I klasse V75 var det Odd Kolsrud frå Begnadalen som skulle utløyse spenninga då han avslutta sin Lerum Cup hjå Aurland. Han måtte ha 350 poeng for å tukta Alf Høysæter frå Tysse. Og som alle veit, så kan Kolsrud dette med å skyte både tiarar og innertiarar, så det overraska nok ingen når Odd la inn 350 poeng med 30 innertiarar i Aurland, og tok dermed sigeren i klasse V75 på fleire innertiarar enn Høysæter. Terje Hågensen frå Stange og Romedal tok tredjeplassen.

Odd Kolsrud vinner av V75
I klasse V65 var det ingen som kunne true Kjell Næss frå Leikanger som vart ståande som den einaste i denne klassen med full poengskår 1750 poeng. Jan Vidar Lundtveit frå Drangedal kom nærast med 1749 poeng, og Stein Heggen frå Oslo Østre vart nummer tre med 1747 poeng.
I klasse rekrutt vart Brage Vorland frå Haugesund den beste med 1735 poeng. Andrea Vedul frå Aasen vart nummer 2 med 1731, og Martina Kommisrud frå Eidsvoll Verk nummer 3 med 1722 poeng.
I Eldre rekrutt vant Ronja Sylta Flataas frå Osterøy samanlagt som den einaste med 1750 poeng. Ho hadde også 350 poeng på det siste stevnet, så ho plasserte samtlege 210 teljande skudd i tiaren, og 145 av dei satt også i innertiaren. Så det er ein strålande prestasjon som det står respekt av. Malin Mauland frå Sartor vart nummer to med 1749 poeng, og Thelma Rudrud frå Ringebu og Fåvang vart nummer 3 med 1746 poeng.

Ronja Sylta Flataas vinner av klasse Eldre Rekrutt
I Juniorklassen var det stor spenning neste til aller siste skudd. Vegard Yttri Horge frå Lærdal leia veldig lenge, og så nest ut til å kunne dra sigeren i land. Men Christian F. Haneborg frå Ski ville det anleis. Han klarte til slutt å karre seg eitt poeng føre Horge, og kneip samalagtsigeren på målstreken, Jonas Nykrem frå Sykkylven vart nummer 3. Desse tre hadde høvesvis 1744, 1743, og 1742 poeng, så det ein veldig jamn kamp.

Christian F. Haneborg vinner av Juniorklassen
I Eldre Junior var ikkje konkurransen så jamn. Nora Aadland Flarås frå Stord vant klassen klart med 1740 poeng. Kristian Leret Haugan frå Blaker vart nummer 2 med 1734 poeng, og Fredrik Soot-Tessem frå Urskog vart nummer 3 med 1731 poeng.
I Skytterklasse 2 vart Stian Fagerlund frå Lærdal vinnar samanlagt , føre Aud Karin Røysing frå Nannestad og Odd Aril Midtgard fr¨å Jondalen på dei neste plassane.
I Skytterklasse 1 vant Kurt Arve Haugen frå Rakvåg med 1243 peong. Det er berre 7 poeng tapt på fem stevner, og det er må seiast å vera sterk skyting med kaliber 22. Camilla Utne frå Stord var ikkje mykje dårlegare på andreplass med 1239 poeng. Kristoffer Frøysa frå Sunnylven nummer 3 med 1228 poeng.
Då er der Jegerklassen som endå ikkje er nevnt. Det er 6 skyttarar i denne klassen som har delteke på 5 eller 6 stevner. Endre Sætre frå Asker vart den beste av desse med 733 poeng samanlagt. Leon Sævdal frå Os vart nummer 2 med 726 poeng, og Gunnar Ekrem frå Ådal nummer 3 med 714 poeng.
Og tek vi med at det var 53 skyttarar i klasse NY ungdom som har delteke på eit, eller fleire, stevner, så er det meste nevnt.
Vi vil takke alle som tok turen hit for nok ei kjekk skyttarhelg i Sogn. Det er veldig kjekt å sjå nye ansikt, og det er like kjekt å sjå igjen dei som legg turen hit år etter år. De bidreg alle saman til å gje både oss arrangørar gode og kjekke opplevingar, og eg er sikker på at både andre deltakarar og publikum, sit igjen med samme inntrykk.
Og når vi får oppleve slik skyting som Caroline Finnestad Lund gav oss, så er det berre å gje seg over. Som ein liten kuriositet til slutt kan vi sei at på lista over dei beste enkeltresultata i klasse 3-5, så har ikkje Caroline berre det beste og nest beste resultatet på lista, men ho har altså 4 av resultata topp 6! Det er berre faren Tor Harald og Amalie Evensen så skviser seg inn der oppe. Ellers er Caroline totalt dominerande.
Så til dei som går med ein draum om å vinne jackpotten vår; Det er berre å legge seg i trening, og ta turen til Sogn neste år.
Vi sjåast igjen om eit år, då Lerum Cup 2027 blir arrangert helga 6. til 9. Mai. Då blir det lang skyttarhelg i Sogn for den helga starter med Kristi Himmelfartsdag, eller Himmelspretten om du vil.
Nå skal vi la resultata synke inn, gå over og kontrollere slik at alt blir riktig, og så skal vi ha evelueringsmøte der alle gåvekort skal trekkast ut og få sine vinnarar. Så de høyrer frå oss om ikkje så lenge.