Oppdatert 03.08.2020
Det er ei stor glede å kunne innvitere til Lerum Cup i det spesielle året vi er i. Det var ein real nedtur då vi måtte avlyse i vår, men det var sjølvsagt ein nødvendighet. Så tendte håpet igjen då vi såg åpninga då årets Landskytterstevnet vart avlyst. Dette kunne vere mulig likevel. Og nå er vi der. Vi nærmer oss 800 påmeldte, det er kjempeflott!, og med litt trøkk den siste veka fram til stevnestart, så kalrer vi å bikke det magiske tallet.
Men det blir ikkje eit vanleg Lerum Cup, for det er visse reglar å forholde seg til med omsyn til smittvern og eventuell smittesporing. Difor skal vi nå prøve å informere om kva som møter skyttarane.
Hjelp på standplass: Det er oppdaget ein justering i smittevernreglane til DFS, som gir åpning for at det kan gis hjelp til skyttarar som treng det på standplass. Dette gjelder kun frå medlemer frå samme hustand som den aktuelle skyttaren. Det er viktig å påpeike at avstandsreglane, og øvrige smittevernreglar, unasett skal følgjast med omsyn til andre skyttarar. Så for å tilrettelegge for at skyttarar som absolutt treng hjelp skal kunne få det, så er det viktig at dette vert gitt beskjed om til arrangørane, og seinast ved påmelding. Då kan vi eventuelt flytte den aktuelle skyttaren til ei fløyskive. Den som då skal yte hjelp vil kunne opphalde seg bak skyttaren, eller eventuellt på motsatt side enn skyttaren ved sida av.
Så den som skal yte hjelp, må vere frå samme hustand som den som treng hjelpa, det er ein person som får følgje inn på standplass, og den personen må fylgje dei smittevernreglar som gjeld, akkurat som alle andre.
Avmeldinger: Arrangørane ber om at dei som er påmeldt, men som ikkje kjem til å delta, er flinke til å melde seg av slik at plassen vert ledig for andre. Det gjeld både nå før stevnet, og også under stevnet. Det vil hjelpe både oss arrangører, men også dei som vil skyte på ledige plasser.
Parkering: For å begynne med parkeringa. På grunn av at vi må syte for mindre trengsel så er det ikkje nødvendigvis mulig å parkere så tett inn på arenaen som vanleg. Det vil vera skilta parkeringsplasser, og der må gjestene vere venleg å parkera. Ikkje ta med campingvogner til arenaen, det vil ta opp unødvendig parkeringskapasitet. Om det skulle vere nokon som har behov for transport nærmere arenaen, så går det an å kontakte arrangøren før ein kjem, så kan det organiserast. Pass på kvarandre og overhold avstandsreglane også på parkeringsplassen.
Registering: På grunn av smittesporing ved eit eventuellt utbrot av smitte, så er vi pålagde å registrere alle som gjester våre arenaer. Det vil vere utlagt protokoller lett tilgjengeleg ved inngang til alle arenaene der alle som er innom arenaen må skrive seg inn med navn, telefonnummer, og tidspunkt dei skriv seg inn. Det håper vi alle aksepterer. Protokollane vert oppevart i 10 dager etter stevneslutt, og så blir dei makulerte i tråd med gjeldande reglar.
Vi erfarer at det har vore ulik praktisering rundt dette med registrering av deltakere hjå dei arrangører som har hatt stevner rundt om. For at det skal vere lett å komme i kontakt med alle i ein eventuell smittesporing, så ønsker vi at alle skal skrive seg inn i våre protokoller med telefon-nummer. Dei som deltek har vi navna på gjennom resultatlistene, men der er det ingen telefon-nummer. Difor er det vedig greitt at alle skriv seg inn i protokollane. Då har vi kontaktinformasjon på alle. Vi trur ikkje vi får bruk for det, håper ikkje det, men det er ein del av smittevernreglane som vi må forholde oss til.
Påmelding: Påmeldinga kan vere anleis organisert enn det dei bruker å vera på banene våre. Det er igjen fordi vi må ungå å skape trengsel, og det skal holdast avstand både mellom gjester, og til den som betjener påmeldinga. Difor er det viktig å møte i god tid slik at ein får orientert seg på dei ulike arenaene. Arrangørane oppmoder om at ein person kan melde på alle i sitt reisefølgje. Då reduserer vi både trengsel og eksponering for den som betjener påmeldinga. Vi veit at skyttarfamilien er eit løysingsorientert folkeslag, så dette løyser seg greitt.
Skyting på ledig plass: Det er åpna for at det er mulig å skyta på ledig plass. Difor vil det bli praktisert venteliste. Den som set seg på venteliste for å skyte på ledig plass, må sjølv orientere seg med sekretæriatet om det blir ledig plass. For å gje litt bedre tid så har vi bestemt oss for å endre litt på tidsgrensa her. Ein må vere oppmøtt i påmeldinga seinast 20 minutt før oppsatt skytetid, ellers risikerer man å mysse plassen sin til den, eller dei, som har satt seg på venteliste. Denne endringa har samanheng med at skyttarane skal møte til opprop 10 minutt før skytetid, slik at det er litt tid til å finne fram utstyret sitt uten å måtte stresse for mykje for dei som vil skyte på ledige plasser.
Skulle det vere nokon som ser at dei kjem i tidstrøbbel til å rekke fram, så bruk stevnetelefonane slik at vi får vite om dykk. Då går det an å berge plassen sin likevel. Telefonnummer finn dere på arrangørsida vår HER.
Opprop: På grunn av gjeldande smittevernreglar, begrensa plass på standplassane, og avstandsreglar, er vi denne gongen nøydd til å be skyttarane møte til opprop seinast 10 minutt før oppsatt skytetid. Her vil det vere ein vert frå arrangørane som registrerer oppmøte, informerer om standplassopphold, og organiserer innmarsj i rett rekkefølgje. Ingen får lov til å gå inn på standplass før det er gitt klarsignal frå standplass. Oppropsplasser vil vere skilta, og merka, på arenaene, og det er kun dei som skal skyta som får gå inn på standplass.
Liggeunderlag: Etter dei gjeldande smittevernreglar så må kvar deltaker hugse på å ha med seg sitt eige liggeunderlag som dekker kroppen. Det er slik reglane er, og då må vi rette oss etter det. Vi følgjer med på det som skjer med omsyn til smittevernregler, og skulle det komme endringer, så følgjer sjølvsagt vi etter.
For øvrige stevnereglar som gjelder generellt for alle stevnene, så er det lista opp på programsida vår HER. Greitt å lese gjennom for alle.
Kiosker,Cafèteriaer, livevisning: Det vil vere åpne kiosker/cafèteriaer på arenaene, men ingen sjølvbetjening av noko slag. Det skal holdast avstand, og det vil vere kun kontantlaus betaling kort eller vipps. Det vil også vere tilrettelagt med livevisning av skiver, men det kan vere begrensa med plass med omsyn til avstandsreglar. På dei arenaene som har wifi, så vil det vere mulig å kunne kople seg på nett og følgje livevisning via telefon eller Ipad for dei som har det.
Vi åper alle får det kjekt og triveleg, og at alle bidreg til å ta vare på kvarandre, så vil dette bli eit triveleg arrangement for alle, heilt fritt for både smittefare og elendighet.
Ettersom skyttarane sjølve må viitere sit eige våpen, så anbefaler vi å bruke kammerflagg. Det vil gjere jobben til kontrollørane lettare, og området tryggare for dei som er rundt.
Velkomen til LerumCup