Våren skrider framover, og snart skriv vi Mai månad. Det betyr ta årets Lerum Cup er rett rundt hjørna. Vi har passert 630 påmeldte, og er på veg mot 640……det er framleis mykje ledige plassar så det er god sjanse til å melde seg på.
Vi minner om dei to gjevaste premiane våre: Jackpotten som er på heile 14000 kroner, og som kan løysast ut om ein av dei to som allereie har to napp skulle vinne også i år. Daniel Sørli er påmeldt, men vi håper og trur at det er fleire andre som vil ha eit ord med i laget.
Og så er det årets nyvinning; eit gåvekort til ein verdi av 3000 kroner til det laget med størst deltaking i ungdomsklassane. Så få med alle ungdomane på årets skyttareventyr i Sogn.
Litt praktisk info:
Vi har i år valgt å bruke DFS sin nye standplasslederinstruks, den samme som vart nytta under LS innendørs. Dette fordi det vil gje like rutiner for alle som deltek. Det vil sei at det skyttarane skal bli i stilling til stans er kommandert, skytetida vil gå heilt ut, og så vil det blir gitt klargjeringstid før kva serie.
Før første prøveskot vil det som alltid vere 2 minutt. Før første liggende 15 sekunder, dei øvrige seriane 1 minutt, og før dei neste seriane med prøveskot vil det vere 15 sekund klargjeringstid. Dette vil også bli presisert på standplass.
Så minner vi som vanlig om at skyttarar som reiser med store bubilar, eller andre større køyretøy, ikkje anbefales å køyre opp til Mjøen skytebane hjå Farnes. Vegen der er bratt og svingete, så arrangøren vil helst ikkje ha større køyretøy opp der då det kan skape problem for mange. Ver heller tidleg ute, kontakt arrangøren, så kan det parkerast nede og så kan det ordnes transport til og frå skytebana.
Generellt så kan vi sei at ikkje ta med campingvogna til skytebanene, for det vil skape unødvendig plunder på parkeringsplassane.
Statens Vegvesen melder om at brøytinga av fjellevegane over Sognefjellet, og Turtagrø-Årdal er godt i rute til å kunne åpnast 1. Mai.
Det er for tida flott vèr i Sogn, men litt kjølig i lufta. Vi håper på litt bedre temerpaturer, og at finvèret held seg slik at vi får ein flott Mai, og at Sogn viser seg frå si beste side under Lerum Cup.
Det er framleis muilg å ta kontakt med oss på epost post@lerumcup.no, om det skulle vere noko.
Velkomne til Lerum Cup.