Lerum Cup er så smått i gang. Knipenborg og Farnes åpna i går, Aurland har åpna i dag, medan Hafslo og Leikanger har åpning i morgo. Ikkje alt er oppe og går på nettsidene våre heilt enda, men det blir det jobba med, og det skal vere klart til det verkeleg smeller i gang på torsdag.
Arenaene er gjort klare, pynta med banner får vår hovedsponsor,
Fotoplakat med alle våre støttespelarar på er klar,
Utstyrsleverandører med stort lass med varer er på veg,
Håvard Boine frå Skytterlinken kjem til Knipenbork (arkivfoto), han kan nåast på telefon 94138825 om nokon ynskjer avtale, eller at han skal ta med noko utenom DFS standard utstyr.
Bjørn Dagfinrud er allerede på plass i Aurland, og vil også ta ein tur til Leikanger i morgo.
Og Norma vil også komme til Leikanger.
Resultatsidene våre er ikkje heilt på plass enda, men det kjem. Førbelse resultat kan de lese på arrangørane sine eigne heimesider der nokre har fått opp sine sider.
Knipenborg
Farnes
Aurland
Hafslo
Leikanger
èrmessig har det vore nokre flotte dagar no i Sogn, det er litt gråere i dag og det er meldt litt regn til torsdag, men skal vi tru på meldingane så er det meldt bedre til helga igjen, og lite vind. Det gjere at alt ligg til rette for gode forhold for skyttarane, og me gleder oss til å ta imot alle sammen igjen.
Vi er i gang!
Velkomen til Lerum Cup 2024.