Den første av i alt fire dagar med Lerum Cup er unnagjort, og det er tid for ein liten oppsummering.
For å ta enkeltresultat først; Vi har fått to skyttarar med 349 poeng. Det er Vegard Solhaug frå Aurland som presterte resultatet på Hafslo, og Halvor Trane Svendsen frå Rælingen som presterte det i Aurland. Halvor har flest innertiarar og leiar kampen om beste enkeltresultat klasse 3-5.
Samanlagt så har begge desse tapt litt for mykje til at dei skal kunne ende på toppen, men det gjestår å sjå. Normalt må man vere rundt 1740 poeng for å vinne Lerum Cup, dit kjem ingen av desse to.
Men det er tre skyttarar som kan klare det. Hans Kristian Wear frå Styrvoll har skote tre stevner og tapt berre 10 poeng, Mette Strandlien frå Ringebu og Fåvang har skote to stevner og tapt 10 poeng, og Amalie Evensen frå Os har skote berre eit stevne og tapt kun 4 poeng. Av det vi kan sjå så er det desse tre som så langt ligg best an til å kjempe i toppen. Men det er nok mange som ikkje er begynt endå, så mykje kan skje.
I klasse V55 ser det ut til at det er Arve Halsteinslid frå Haugen som er best i gang etter dag 1. Han har skote tre stevner, og har tapt berre 7 poeng, og ligg dermed godt an til å havne heilt i toppen til slutt. Men også her er det nok fleire som vil vere med på leiken, så det er tidleg å spå noko utfall.
I V73 ser me fleire resultat på 350 poeng, men det er hittil ingen som står med 0 poengtap. Toralf Tøsse frå Aurland troner førebels øverst, men han har tapt 7 poeng på runden, og det skal historisk sett ikkje vere godt nok i denne klassen. Den største trusselen så langt ser ut til å vere Lars Slyngstad frå Engesetdal og Skodje som har tapt kun eit poeng på sine to stevner så langt. Odd Kolsrud frå Begnadalen har to ganger 349 i dag, og har såleis tapt 2 poeng. Arne Berge frå Hardanger og Knut Skjelbreid frå Hålandsdalen har begge kun eit stevne, og begge har tapt eit poeng. Så denne klassen blir garantert eit drama heilt til slutt,.
I V65 er det også veldig tidleg å spå, men Asbjørn Mathiesen frå Jondalen har skote kun eit stevne og er feilfri. Lars Kåre Almeland frå Voss, og Arve Kolltveit frå Hardanger har begge skote to stevner, og begge har tapt eit poeng. Så her er det heilt åpent.
Ungdomsklassane er veldig åpne, men vi kan sei at i Junior er Reidun Oline Foss Nilsen frå Lyngdal veldig godt i gang, Ho har skote tre stevner, og har oppnådd to gonger 349, og ein gong 348 poeng, så der ligger lista i denne klassen.
Og så må vi nevne Sofie Andersen frå Knipenborg som skyt klasse ny voksen. Ho starta med skyting i vinter, og har nå fullført Lerum Cup på eit poengsnitt over 245 ! Det er ganske så imponerande, og ho leiar klassen så langt. Den prestasjonen kjem til å vere eit toppresultat i denne klassen, det er heilt sikkert. Men held det heilt inn……den som følgjer med får sjå.
Og så tek vi med Kikkertklassen til slutt der det faktisk er så mange som 16 skyttarar som har skote eit, eller fleire stevner. Det er ikkje så mange som har fleire enn to stevner så langt, men Lasse Mo frå Farnes har skote fire stevner og har eit poengsnitt på over 246. Det er ganske sterkt. Så ser me at det er fleire som har skote både 248 og 249, så får me sjå når, eller om, dei skyt fleire stevner om dei kan opprettholde poengsnittet, og true Lasse Mo til slutt.
Heilt på tampen tek vi med ein beskjed frå Farnes Skytterlag:
Mykje god skyting har det vore, og meir skal det bli. I morgo startar vi opp på alle arenaer klokka 10:00, og då smeller det heile dagen fram til klokka har passert 20:00 på kvelden. Så det er ein lang dag i vente. Håper alle har ein fin kveld der dei er, enten det er på camp, på hotell, eller andre plasser.
Me sjåast på ei skytebane.