Det er nærmer seg fort julehøgtid, og vi vil sende ei lita helsing til alle våre trufaste deltakere. Vi har tidlegare nevnt at vi i haust har jobba med å forhandle fram ein ny avtale med vår hovudsponsor, og det er ei glede for oss og meddele at ny avtale no er signert av begge parter. Det betyr tre nye år med Lerum Cup på vårparten.
Lerum konsernet er ein bauta i lokalsamfunnet her i Sogn, det er ei familebedrift der det no er fjerde generasjon som driv bedrifta, og dei veit å gje tilbake til samfunnet rundt seg. Vi er stolte og glade for at Lerum framleis støttar oss og er med på laget.
Det betyr at vi no for alvor kan starte planlegginga av Lerum Cup 2025, først skal vi berre feire litt jul, snu kalendaren til 2025, og så smeller vi i gang.
Inntil det ynskjer vi alle ei god og fredelg julehøgtid.