Nå er vi berre timar unna det store smellet. Klokka 21:00 i kveld åpnes slusene for påmelding via web.
Heilt sidan vi avslutta påmelding via epost har vi jobba så og seie kvar dag med påmeldinger som av ulike grunner hadde havna i søppelpost, og vi har også motteke nokre ettermnølarar. Til sist har vi sjekka, dobbeltsjekka, og til og med trippelsjekka, at alt skal stemme før neste steg.
Og nå kan vi senke skuldrane. Når arrangørane har retta opp dei siste avvika som vart avdekka i den siste kontrollen i dag, så er påmeldinga ikkje lenger i våre hender. Nå er det opp til dei som sit og venter på å få meldt seg på.
Som vi har meldt om fleire gonger så er det rikeleg med ledig kapasitet på 200 meter alle stader, så der kan man velge så og seie fritt.
Når det gjedler 100 meter så er det verre. Der må man tenkje alternativt for å finne løysinger. For dei to stevnene i Årdal så er det mykje ledig laurdag ettermiddag etter klokka 15:00, så det er eit klart alternativ for dei to stevnene. Så hvis ein tek turen til Aurland på føremiddagen, så er det muligheter for tre stevner på den måten.
Når det gjeld nordsida, så trur eg ein kombinasjon torsdag/fredag, og søndag er det lettaste, for der er det rimeleg fullt både hjå Leikanger og Hafslo. på laurdag. Litt meir muligheter hjå Sogndal.
Men de får leite og prøve. Vi kjem til å følgje med på utviklinga, og er i beredskap om nokon trenger hjelp til å løyse kabalen. Då kan vi prøve å hjelpe, men vi kan ikkje love noko nå.
Spennande blir det å sjå. Vi er 384 førehåndspåmeldte, og det er drygt 30 fleire enn ifjor, og mest positivt er auken blant ungdomar.