Jackpotten vår har no rusla og gått nokre år, og den har vokse seg rimeleg stor. Blir den utøyst i år så stikk vinnaren avgårde med 16 000 kroner.
Den vart satt opp til Lerum Cup i 2017. Då vart det bestemt at det blir satt av kroner 2000,- kvart år til ein pott. Denne potten går til den som vinner Lerum Cup 3 ganger.
På dei åra som har gått har Lerum Cup vore arrangert 7 gonger, det står dermed 14 000 kroner på konto og venter på ein vinnar. Der legger vi til ytterlegare 2000 kroner i år, slik at det totalt vil vere 16 000 kroner der.
Av dei som har sika seg aksjer i potten, så er det to skyttarar som kan stikke av med den i år; Dette er Kim Andre Aannestad Lund og Daniel Sørli. Begge dei har altså to aksjer. Så har Tor Harald Lund, Jeanette Hegg Duestad, og Hans Kristian Wear kvar sin. Så sjølv om det har gått 8 år, så er det berre 7 aksjar som er delte ut, dette fordi vi måtte avlyse i 2021 på grunn av coronaen.
Det har vore ein del tette og harde kamper om å vinne Lerum Cup opp gjennom åra, og sjølv om det er fem teljande stevner så er det som regel berre eit poeng, eller til og med berre innertiarane som har avgjort heile cupen. Så det har aldri vore avgjort før siste skuddet er i skiva. Aller tettast var det vel i 2022 då Rasmus Løberg hadde sigeren i lomma heilt til det aller siste skuddet viste 9.9. Då tapte han Lerum Cup med det eine poenget, men hadde fleire innertiarar enn vinnaren Daniel Sørli. Men innertiarane hjelpte ikkje den gangen.
Det gjorde dei i 2018, den gnongen med smått utrulege berre 5 innertiarar til fordel for Kim Andre Lund. Både Kim Andre og Daniel Sørli oppnådde det året 1738 poeng totalt.
Poengrekorden for Lerum Cup er det derimot Jeanette Hegg Duestad som har med heile 1742 poeng frå 2020. Det var det året Lerum Cup vart arrangert då Landskytterstevnet på Elverum vart avlyst på grunn av nevnte corona, og vi fekk muligheten til å arrangere vårt utsatte arrangement i det tidsrommet.. 1742 poeng er altså eit poengsnitt på over 348 poeng pr. stevne, så det må seiast å vere ein enorm prestasjon.
Likevel såg vi ifjor at det kan vere mulig å skyte enda bedre. For Caroline Finnestad Lund stoppa i fjor på 1723 poeng, men mangla to skudd på grunn av feil på ammunisjonen. Så vi håper ho har fått orden på det til i år, for ho er påmeldt igjen.
Det er framleis god plass på 200 meter rundt om, så det er berre å melde seg på. Og velger man litt alternative ruter og løysinger så er det også gode muligheter på 100 meter. Vi er oppe i 520 påmeldte nå, og håper fleire vil legge turen til vakre Sogn i Mai. Står an fast og ikkje får dei siste brikkene på plass, så ta kontakt med oss så kan vi sjå kva vi kan gjere.