Påmeldingstalla stiger jamt og trutt, og det blir vanskelegare og vanskelegare å finne ledige plassar. Og framleis er det på 100 meter det er vanskeleg. 200 meter har god kapasitet og mykje ledig.
Vi har som vanlig oversikt over situasjonen, og i lenka under kan de sjå korleis det ser ut pr søndag 13.April 18:00. Raude felt er opptatt, kvite er ledig. Kvart stevne har sin fane i reknearket. Hugs berre at denne oppdaterer seg ikkje i takt med at folk melder seg på og av.
Vi har rom for å kunne legge til lage i enkelte perioder om det skulle vere behov for det, så det går an å ta kontakt med oss om man står heilt fast.
Vi ynskjer alle ei riktig god påske.