Det har vore fantastiske vårdagar i Sogn dei siste vekene, det grønskast både på mark og i skog, snøen trekker høgt opp i fjella, og det er nesten sommar. Vegen over Sognefjellet åpna før helga, og Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal er venta å bli åpne til 1. Mai. Alt er med andre ord i rute.
Påmeldinga er litt sprikande frå stevne til stevne, Knipenborg har flest pr. i dag med 632 påmeldte, tre av stevnene er over 600, medan dei andre er like under. Men det er framleis høve til å melde seg på, for det er fortsatt ei dryg veke til vi er i gang. Ellers er det sjølvsagt også høve til å møte opp på skytebana og skyte på ledige plassar.
Nokre opplynsingar som er greitt å ha med seg:
Det vil som vanleg bli sett opp vegvisarar til skytebanene våre slik at det skal vere greitt å finne fram til oss, spesiellt for dei som ikkje har vore her tidlegare. Som vanleg ynskjer vi at campingvogner ikkje blir teke med til skytebanene, då det vil skape kaos på parkeringsplassane våre. For dei som reiser med store bubilar, og er usikre på om dei kan køyre heilt fram til skytebanene, spesiellt gjeld dette Mjøen Skytebane hjå Farnes, så ber vi om at de tek kontakt med arrangøren i god tid, så vil de få hjelp til å komme til skytebana. Hjå Farnes så vil man kunne avtale parkering nede i sentrum, f.esk ved Europris der det er god plass, og så blir man frakta til og frå skytebana. Då slepp man opp i dei bratte bakkane med stor bil.
Standplassleiinga skal vere forutsigbar og lik på alle baner. Vi har i år valgt å nytte DFS sin standardinnstruks. Det vil sei klargjerinstid før første prøveskot, og ellers spørsmål om skyttarane er klar til serie. Skyttarane skal bli i stilling til anna blir kommandert, men får bytte stilling når alle skudd i serien er registert i skivene. Om nokon ikkje er klar når spørsmålet kjem, vil det bli gitt 20 sekunder ekstra.
Det blir nytta venteliste, slik at skyttarar som har satt seg på venteliste kan få skyta på ledig plass. Det er difor viktig at du er på plass og har registrert deg i påmeldinga 20 minutt før oppsatt skytetid. Elles kan du risikere å mysse plassen din. Ser du at du av ein eller anna grunn kan få litt knapp tid, så ta kontakt med arrangøren på telefon, så vil alt ordne seg. Vi kan også ta kontakt vidare om det vil få konsekvenser for andre arrangørar vidare på turen. Vi er innstillte på å løyse dei problem som måtte oppstå. Vi veit allerede at det er nokon som har litt knapp tid mellom F.eks Farnes og Knipenborg, og det tek vi sjølvsagt hensyn til. Men vi håper at alt skal gå greitt for alle. Blir det problem, så skal vi finne løysingane. Berre ikkje få panikk.
For øvrige stevnregler som vi bruker under Lerum Cup viser vi til til Programsida vår som dykk finn her
Mykje anna nytting informassjon kan dykk også finne på våre nettsider, mellom anna under vår fane Info til tilreisande.
På alle skytebanene skal det vere lett gjengjennelege vertar som man kan stille sprøsmål til om det er noko man lurer på. Det skal vere ein hyggeleg og triveleg atmosfære på våre skytebaner, og det håper vi også at alle tilreisande bidreg til. Det vil også som vanleg vere godt innhold i våre kafeteriaer på skytterhusa slik at man kan få i seg både god mat og drikke til ein rimeleg penge.
For dei som ynskjer å sjå på nytt utstyr, eller som trenger oppgraderinger av noko, så vil dykk finne tre slike stands under årets Lerum Cup. Dagfinrud vil vere å finne hjå Aurland, Norma vil vere å finne på Leikanger, og Bekkevold vil vere å finne hjå Knipenborg. Om det er noko spesiellt dykk vil at dei skal ta med seg til Sogn, så ta ein telefon til dei på førehånd, så har dei det klart når dykk kjem til dei. Dei tek gladeleg i mot dykk til ein god samtale, og gjere gjerne ein god handel.
Då ynskjer vi alle velkomne til vårens vakraste eventyr; LERUM CUP 2025