

Caroline Finnestad Lund slo til skikkeleg på Leikanger i dag. 350 poeng med heile 27 innertiarar er skjeldan kost i DFS. Det er ny banerekord på Leikanger, og det er ny rekord for enkeltresultat klasse 3-5 i Lerum Cup. Men det er også heilt i toppen blant prestasjonane historisk sett i DFS.
Så vidt vi kan finne ut, så er det kun to resultat som er bedre. Det eine har Caroline sjølv med 28 innertiarar, og så har Daniel Sørli prestert 29 innertiarar.
Det er vanskeleg å finne ord som beskriver ein slik prestasjon, men man tenkjer seg toppen på ein brusboks, den er ca 5 cm, satt opp på 200 meter, så treffer ho den 27 ganger på 35 forsøk. Dei 8 andre skudda stryker like utafor. Det er ein heilt vill prestasjon.
Vi gratulerer Caroline så mykje med prestasjonen, og gledar oss til å følgje med på fortsettelsen. Ho skal skyte på Hafslo seinare i dag, og så skyt ho i Årdal og Aurland i morgo. Det er berre å holde seg fast, og følgje med.
Vi kan også nevne at ho hadde 348 poeng hjå Sogndal tidlegare i dag, så Caroline har kurs mot toppen av Lerum Cup 2026.

Familein Finnestad Lund sprudler på Lerum Cup
‘