

Det er Caroline Finnestad Lund som har stjelt overskriftene i dag, Vi kjem ikkje vekk frå det. Etter å ha åpna med 348 i Sogndal, slo ho altså til med kjemperesultatet 350 (27) på Leikanger. Og ho fulgte opp med 348 på Hafslo., Det betyr at ho no har tre stevner, og har kun tapt 4 poeng. Med det har ho satt seg i førersetet mot sigeren i årets Lerum Cup. Men; Ho skal skyte tre stevner til i morgo, og skal som alle andre stryke det dårlegaste resultatet. Så ho kan misse på eit av stevnene, og likevel ha gode sjanser.
For alle konkurrentane hennar har gitt vekk for mykje poeng. Amalie Evensen er den som har den beste sjansen. Ho er pr. nå nummer 3, har tapt 22 poeng, og har eit stevne igjen. Men ho kan stryke 340. Det betyr at med full klaff i Aurland kan ho ende på 1738 poeng, og altså 12 tapte poeng totalt. Dei to som pr. no ligg framfor Amalie er Lars David Jr Øvrum og Hans Kristian Wear. Begge har eit stevne igjen, og har tapt høvesvis 20 og 21 poeng. Men dei har høgare poengsum enn Amalie å stryke Øvrum kan stryke 344 og Wear kan stryke 345. Det vil bety at Amalie vil kunne gå forbi med klaff på siste stevnet.
Av dei som har to stevner igjen så er det Runar Tveito og Stian Bogar som er best, men dei har også allerede tapt 21 og 22 poeng. Så morgo dagen vil handle veldig mykje om Caroline Finnestad Lund. Så skal vi ikkje gløyme at Gaute Grøterud og Tor Harald Lund også har tre stevner igjen, og har tapt berre 11 poeng kvar. Så begge dei to er absolutt med.
I V55 er det nå to skyttarar med lik poemngsum i toppen. Dette er Ove Grimsbø og Knut Bråthen. Men Grimsbø har fleire innertiarar totalt, og er rangert føre. Begge desse to er ferdig med sin skyting, og begge har 14 tapere. Geir LIndheim, som har to stevner igjen, er den nærmaste som har sjansen til å komme opp, han har til nå tapt 15 poeng, kan stryke 345 poeng, så han kan ikkje skyte mange 9ere om det skal gå. Det er nokre skytter med tre stevner igjen som har muligheter. Dette er Ørjan Aven, Henry Øye, og Per Meel, men då må de jammen skyte godt i på dei stevnene som er igjen.
I kikkertklassen så leder fortsatt Anders Lilleby. Han har 15 tapere totalt. Atle Bakken har to stevner igjen, har tapt 14 poeng, og kan strykje 344. Så er det Per Hidle som også har to stevner igjen, har tapt 21 poeng, og kan stryje 336, som har mulighet til å krabbe til topps.
I V75 så er det kamphanane Alf Høysæter og Odd Koslrud som kniver i toppen. Alf er på topp, har tapt kun eit poeng, men er ferdig med skytinga,. Kolsrud har eit stevne igjen, har tapt 3 peong, og kan stryke 348. Det betyr at Kolsrud må ha 350 i Aurland i morgo. Så det blir spennande. Det er nokre luringar som har to stevner igjen, også har ein sjanse. Johannes Rundhaug og Erling Sylte, men det krever 2×350 og ein haug med innertiarar for å klare det.
I V65 leder fortsatt Kjell Næss som vi nevnte i går hadde full poengskår. Det er det ikkje så mange som kan kopiere, men Arne Rød, og Jarle Berhovde kan klare det. Desse har tre stevner igjen, og har ikkje tapt poeng enda. Så Kjell er ikkje heilt trgg på toppen.
I Rekrutt klassen leder Andrea Vedul, ho har eit stevne igjen og har pr. no 1723 poeng, Ho kan forbedre 331. Martine Kommisrud er nummer 2 med 1719 poeng, og kan forbedre 333. Så her er det heilt åpent. Litt lenger ned på liste ligger Brage Vorland som har to stevner igjen, og har tapt berre 9 poeng, så han er ein minst like stor trussel.
I Eldre Rekrutt står det mellom to jenter. Det er Ronja Sylta Flatås som har eit stevne igjen, og Malin Mauland som har to stevner igjen. Ronja har allerede sikra seg full poengskår, Malin trenger 2×350 i morgo, og masse innertiere.
I junior så leder Vegard Yttri Horge. Han er ferdig med skytinga og har 1743 poeng. Julie Rønning er nummer 2, har eit stevne igjen og står med 1741 poeng. Ho kan forbedre 346, så med 348 så vil ho kunne passere VegarD. Nummer 3 er Jonas Nykrem, han har også eit stevne igjen og står med 1740 poeng, Han kan også forbedre 346, så med 349 så kan han også passere Vegard. Og så kjem det eit kobbel som har to stevner igjen som all har sjansen med god skyting i morgo. Så det blir ein spennade dag for Vegard i morgo.
I Eldre Junior er det som vi nevnte i går Kristian Leret Haugen som har tatt over ledelsen. Han er ferdig med skytinga og har 1734 poeng. Altså 16 tapte poeng. Bak han ligger Torunn Rønning som har eit stevne igjen, og har tapt 22 poeng. Ho kan stryke 343 poeng, så 349 eller 350 så er ho forbi. Fredrik Soot-Tessem er i akkurat samme samme posisjon som Torunn, men trenger fleire innertiere. Og så er det Nora Aadland Flatås som har to stevner igjen og har tapt berre 8 poeng, som kanskje blir den hardaste imot.
Det gjenstår altså ein dag av årets Lerum Cup. Vi håper alt går vel også i morgo, vi skal i allefall gjere vårt for det. Vi ynskjer alle ein fin laurdagskveld, og så gyver me laus igjen i morgo.