

Det vart ein overlegen siger i årets Lerum Cup for fantastiske Caroline Finnestad Lund. Etter den fantastiske banerekorden på Leikanger i går, så leverte ho så og seie kopi i dag så ho satte ein ny banerekord. Denne gongen på Loi hjå Knipenborg. 350 med 26 innertiarar presterte ho der.
Og med 346 hjå Farnes på morgokvisten, og med 347 i Aurland til slutt, så kunne ho stryke poenga frå Farnes sitt stevne, og står igjen med 1743 poeng totalt. Og det er jammen meg ny totalrekord for Lerum Cup også. Og med heile 9 poeng ned til nummer to samanlagt, så er dette også den mest suverene sigeren nokon gong i Lerum Cup.
Så ein utruleg sterk prestasjon av den blide jenta frå et blide sørland. Vi gratulerer så mykje, og kjem tilbake med oppsummering av alle klassar litt seinare.